Forsvarar tok bilde og sikra bevis:

Dommar snakka med vitne – Høgsterett krev ny behandling

I ein pause i rettssaka snakka dommar med ei mor som var vitne i ei overgrepssak. No har Høgsterett oppheva dommen og saka må opp i lagmannsretten på nytt.

Oppheva: Straffesaka mot bestefaren i 60-åra var først oppe i Søre Sunnmøre tingrett i februar i fjor. Etter avgjerda i Høgsterett er det no klart at det blir ein tredje runde i rettssystemet for å avgjere om mannen er skuldig etter tiltalen eller ikkje. Det er enno ikkje klart kva tid saka kjem opp igjen i Frostating lagmannsrett. På bildet er forsvararane Ivar Blikra (t.v.) og Robert Fonn. Arkiv  Foto: Anne-Mari Tomasgard

pluss

Frostating lagmannsrett behandla i haust anken frå ein overgrepsdømd bestefar frå søre Sunnmøre. Mannen i 60-åra blei dømd til fem år fengsel for overgrep mot eit barnebarn. Men saka må no takast opp i lagmannsretten på nytt, med nye lagrettemedlemer.