Rettssak:

Fengsel i 3,5 år for overgrep mot 13-åring

Mannen sona ei lang fengselsstraff og sjekka opp ei jente frå Sunnmøre via nettet. No er han dømd til fengsel i tre år og seks månader for seksuelle overgrep.

Illustrasjonsfoto: Under rettssaka denne veka kom det fram at jenta som blei utsett for overgrep er sterkt prega av hendinga.  Foto: Nils Harald Ånstad

pluss

Sunnmøre tingrett har dømt ein mann i 20-åra til tre og eit halvt år fengsel for overgrep mot ei 13 år gammal jente.