Tre menn frå Litauen blei arrestert i fjor sommar, sikta for overfallsvaldtekt av ei kvinne i ein skog i ei bygd på søre Sunnmøre.
No er den eldste av dei (39) dømd til fengsel i fem år og ein månad. Han må også betale 175.000 kroner i erstatning til kvinna, ifølgje dommen frå Søre Sunnmøre tingrett.
Ein 24 år gammal mann er frifunnen, medan ein 21-åring ikkje er dømd for seksuell omgang, og valdtekt, men ei seksuell handling utan samtykke. Han er dømd til fengsel i 120 dagar og frifunnen for krav om oppreisingserstatning.
Dei tre mennene som var i Norge for å jobbe, har heile tida nekta for det dei blei tiltalt for.
Krev at valdtektstiltalte blir frifunne
Tiltalt veit ikkje korleis familien skal klare seg
–Eg har familie i Litauen, og veit ikkje korleis dei skal klare seg, sa ein gråtkvalt tiltalt etter at det var klart at aktor meiner han må dømmast til fem og eit halvt år i fengsel.
Påstand om fleire år i fengsel for overfallsvaldtekt
Aktor la ned påstand om fem og eit halvt år fengsel for to av dei tiltalte i valdtektssaka på søre Sunnmøre. For den tredje tiltalte er påstanden fem år og tre månader i fengsel.
Skader samsvarer med det kvinna har fortalt i valdtektssak
Fann DNA frå tiltalt på genser
DNA frå den eldste av dei tiltalte i valdtektssaka er det einaste biologiske sporet. Skadane kvinna er påført samsvarer med det ho forklarer.
Valdtektssaka på søre Sunnmøre:
– Det verka som mennene følgde etter kvinna
– Det verka som mennene følgde etter kvinna, fortalde ei kvinne som vitna i valdtektssaka torsdag.
Tiltalt (39) forklarte seg for Søre Sunnmøre tingrett i valdtektssak
Hevda han snubla i rot
Den valdtektstiltalte mannen (39) meiner kvinna har misforstått heile situasjonen. I retten forklarte han at han snubla i ei rot og kan ha kome borti henne.
Nybakt far fortvilar over fengsling
– Kvifor skulle eg gjere noko slikt? Det var tre dagar til eg hadde billett og skulle heim etter 11 veker i Norge. Eg skulle heim til mi to månader gamle dotter som eg hadde sett berre i to veker.
Valdtektssaka på søre Sunnmøre:
Såg medtiltalt sitje på huk med kvinna
Tiltalte (24) forstod at det var ubehageleg for kvinna å vere åleine med tre menn i skogen, men hevdar han berre ville spørje henne om tips til fine fiskeplassar og moro dei kunne gjere i Norge.
Krev fleire hundre tusen i oppreising etter overfallsvaldtekt
Forklarte seg om overfallsvaldtekt: – Eg var redd for livet mitt
– Eg var redd for livet mitt og tenkte eg ville døy, forklarte kvinna i vitneboksen. Tre menn er tiltalt for å ha valdteke henne då ho var på ein kort fjelltur i fjor sommar.
Støtteadvokat varslar høgare erstatningskrav
Alle tre tiltalte nektar for grov valdtekt
Dei tre valdtektstiltalte mennene svarte alle nei på spørsmålet om straffskuld, då rettssaka mot dei starta i Søre Sunnmøre tingrett måndag.
Møter i retten tiltalt for overfallsvaldtekt
Tre menn frå Aust-Europa møter måndag i retten, tiltalt for å ha overfalle og valdteke ei kvinne.