Øyfolket i Sande slår ring – skule eller ingen ting

Grunnskuleelevane på Sandsøy og på Kvamsøy – to naturperler og lokalsamfunn heilt vest mot storhavet i Sande kommune – risikerer begge å få skulen sin lagt ned. Ferjefrakt på grensa til det lovlege er alternativet. – Vi skal kjempe imot med alt vi kan, lovar Kvamsøy-elevane Dina Støylen Ristesund og Vegard Skarmyr. Og mange, mange fleire.

Tre generasjonar: Heile denne gjengen er tilknytt hjørnesteinsbedrifta Sandefisk. F.v. Kjerstin Sande Hansen med sonen Johannes, vidare Bjørn Thore Hansen, Oddbjørn Sande Hansen, Emilie Sande Hansen og bestemora Nina Sande. – Eg ser mørkt på framtida til øya dersom borna ikkje får halde fram med å gå på skule her. Men vi treng fleire innflyttarar og vi treng optimisme og byggeaktivitet, innser Nina Sande, medeigar i Sandefisk as. 

I denne saka har vi ikkje noko å ta – og langt mindre noko å gi. Gir vi bort skulen vår føler eg vi har gitt bort alt

Kjerstin Sande Hansen
pluss

– Vi kan like godt setje det på spissen straks og med det same – ryk skulen vår så går resten med i dragsuget!