Satsar på framtida og har investert i fiskebåt til rundt 200 millionar:

«Veidar» døypt på Godøya

I helga blei den splitter nye linebåten «Veidar» døypt på Godøya. Båten skal ut på fiske så fort som råd.

Dåp: Linebåten Veidar blei døypt på Geilane på Godøya laurdag. Båten er 55,5 meter lang og 13,2 meter brei, og høyrer til Veidar AS.   Foto: Arve Breivik

pluss

Båtdåpen på Geilane gjekk veldig fint – med full klaff på alt, fortel reiar Sindre Dyb i Veidar AS, som eig reiarlaget saman med Ronald Dyb og Torfinn Ulla. Skjønt, i siste liten var han litt bekymra på om dei kom til å rekke sin eigen dåp.