Nordfjord Kjøtt vil om nødvendig gå til rettssak mot kommunen

– Nær dobla eigedomsskatt

– Dårleg prosess og slett arbeid. Og heilt uakseptabelt å skulle betale eigedomsskatt av maskiner og utstyr. Vert ikkje dette justert ned til fornuftig nivå, vert det rettssak mot Stryn kommune.

Kritiske: Økonomisjef Alexander Hopland t.v. og controller Joar Sæten i Nordfjord Kjøtt konstaterer at kommunen har auka takstgrunnlaget på fabrikkbygning med inventar frå 86,3 til 206 millionar kroner. – Slett prosess og uakseptabelt nivå, seier dei to.   Foto: BENGT FLATEN

pluss

(Fjordingen.no:) Det seier økonomisjef Alexander Hopland og controller Joar Sæten i Nordfjord Kjøtt. Verksemda i Loen som tel 281 årsverk om omset for over to milliardar kroner i året, er største private arbeidsplassen i Stryn kommune og desidert største skattytar. No vil Stryn kommune ha endå meir i skatt.