MC-ulykka i Sykkylven:

Påstand om fengsel i 120 dagar

Aktor meiner ein mann i 20-åra kan klandrast for at kameraten døydde etter motorsykkelulukka i mai i fjor.

Rettssak: Aktor Lena Katrin Romestrand la ned påstand om fengsel i 120 dagar for tiltalte. Forsvarar Håkon Sætre Rasmussen la ned påstand om at tiltalte må frifinnast.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

pluss

– Å bli halden ansvarleg for at kameraten døyr kan følast som straff, men her er det veldig strenge allmennpreventive omsyn, sa aktor Lena Katrin Romestrand før ho la ned påstand om fengselsstraff for mannen som er tiltalt for dødsulukka i Tynesstranda i Sykkylven natt til 6. mai i fjor.