Premiere for «ABBA – heile Sunnmøre synger» i Sykkylven:

Fylte storhallen med ABBA sine beste låtar

– For eit kor! E’kje dei flinke vel, ropar Maria Holand Tøsse frå scena og får eit unisont «jo» til svar frå fleire hundre som hadde møtt fram for å få med seg ABBA-konserten.
pluss

Publikum song med, klappa og var begeistra for det dei fekk høyre, sjå og oppleve i Sykkylven storhall laurdag. Kjempekoret med heile 122 av Sunnmøre sine beste songarar stod på scena og leverte den eine slageren etter den andre, godt akkompagnert av Møremusikarane.