Riise og Hagen karikerte, dedikerte, ekstraherte og analyserte sunnmøringen under ei tilstelling på Sunnmøre Museum

Flat struktur over heile Sunnmørs-fjøla

– Flat struktur og manglande respekt for autoritetar. Det er det som har fått sunnmøringen opp og fram her i verda.

Fritt fall: Ein sunnmøring klarer seg alltids – sjølv ein som har gafla seg utfor stupet ved ein av fjellgardane langs Geirangerfjorden. – Eg trur han klarte seg, mannen med høygaffelen også, seier teiknar Roar Hagen. Til høgre sunmørsgjøglarmakker Arill Riise. 

pluss

Dette hevda ein av dei to, VG-teiknar Roar Hagen, under eit foredrag med falkeblikk frå sida søndag ettermiddag. Hagen er, med respekt å melde, ein av desse. Altså ein sunnmøring som har kome seg godt både opp og fram. Så høgt opp at han mellom anna fekk vere med statsminister Kjell Magne Bondevik og møte president Bill Clinton i Det ovale kontor.