Malibulåven satsar friskt - har mellom anna sikra seg Musikkprisen-vinnar Isak Shorty til festivalen sin

Byr på skatekurs for jenter og skatefestival med konsert

Til helga skal dei arrangere skatekurs for jenter og av jenter. 23. juni blir det så skatefestival med konkurranse, etterfølgt av konsert med både Isak Shorty og Dyrisk.

Vigra: F.v.; Frida Olsen, Siri Anne Skaret Andreassen og Maria Devold har drive med skating sidan november. Til helga er dei tre instruktørar under skatekurset for jenter. Dei to som sit på rampen er Christina Håskjold Bogdanoff (t.v.) og Anastasia Blindheim. 

pluss

– Når det gjeld det første der - skatekurset på laurdag, ligg det eit ønskje til grunn om å få med fleire jenter. Vi tar rett og slett grep, seier Siri Anne Skaret Andreassen, Maria Devold og Frida Olsen ved Malibulåven på Vigra.