Utstillingsopning på Alnes laurdag

Giskekunst fyller galleriet

Kunst av fjorten Giskekunstnarar fyller galleriet på Alnes denne sommaren. Laurdag blir temautstillinga «Ved havet» opna for publikum.

Mangfald: Sara Elisabeth Tunheim får ei hjelpande hand av Ørnulf Opdahl til å plassere skulpturen «I vinden» ho har laga av papir og lim. Begge to stiller ut måleri på Alnes.  

pluss

– Det er blitt ei svært mangfaldig utstilling som viser den store spennvidda av uttrykk og teknikkar Giskekunstnarane jobbar med. Og ikkje minst dei ulike tolkingane kunstnarane har av temaet «Ved havet», fortel utstillingsansvarleg, Marianne Skjong, om utstillinga som rommar måleri, grafikk, akvarell, skulptur, foto og tekstil.