På Sjøholt blir 240 mål bygg og havre meia ned og pakka i rundballar til kufôr til vinteren

Kornslått blir naudfôr: – Eg veit ikkje at dette er gjort før her på Sunnmøre.

Også kornet på Sunnmøre blir naudfôr for å unngå nedslakting av dyr.

Fôrkrise: – Kornet står fint og hadde blitt ei grei avling, seier slåttekar Knut Ivar Bøe i Ørskog. No blir kornet og heile strået slått og pakka i rundballar til kufôr. Også for enkelte bønder på Sunnmøre er det fôrkrise. Til høgre dreng Martin Vestre. 

pluss

Kven hadde trudd at kornet på dei fruktbare markane på Sjøholt skulle bli slått og rundballa i midten av juli – som eit naudfôr til kyrne.