[ helgapraten ]

Mamma og manager

– Vi er framleis ein vanleg familie, sjølv om vi har ein verdsmeister og europameister i ungeflokken.

Manager: Kristine Haddal har cand.mag. grad frå Høgskulen i Volda, med barnevernsutdanning og pedagogikk. Ho likar å jobbe med folk, noko ho får god bruk for både som manager for sonen og som HR advisor i Ulstein Design & Solutions.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

pluss

Kristine Gølin Haddal (44) møter oss på hotellet i Ulsteinvik, rett etter jobb. Dagen før kom ho heim frå Berlin, der sonen Karsten Warholm blei europameister i 400 meter hekk. Gullmedaljen fekk mor og manager Kristine ansvar for å bringe heim til Sunnmøre, til den etter kvart store premiesamlinga,