Strid om tolking av politiavhøyr i valdtektssak på søre Sunnmøre:

Forsvarar krev valdtektsdom oppheva

Forsvararen til mannen som er dømd for valdtekt i ein skog på søre Sunnmøre i fjor sommar, meiner tingretten bør ta opp igjen saka. Dette fordi eit sentralt avhøyr inneheld fleire tolkingsfeil.

Forsvarar: Advokat Ole Petter Grythe Hoff kom inn som ny forsvarar for den valdtektstiltalte mannen frå Litauen i lagmannsretten. Mannen blei i tingretten dømd til over fem år fengsel. Forsvararen er kritisk til presisjonsnivået på tolkinga i eit politiavhøyr tidleg i etterforskinga av den alvorlege saka.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

pluss

– Det er urovekkjande unøyaktig tolking. Her er ein heil haug med feil og eksempel på tilføying frå tolken si side, seier advokat Ole Petter Grythe Hoff som har teke over som forsvarar for 39-åringen frå Litauen.