Erkegarden frå forfall til hotell:

– Her er det råd å drive høgstandardturisme

Den ikoniske Erkegarden på Bjørke får no ei nødvendig oppgradering. Eigar Inge Kolås har planar om å nytte det ærverdige bygget til hotell og dokumentasjonssenter, men det er enno for tidleg å seie når det står klart.

ERKEGARDEN: Mykje arbeid er blitt gjort, men det står framleis att ein del før det blir hotell og dokumentasjonssenter i Erkegarden.   Foto: Joachim Åsebø, Møre-Nytt

pluss

(Møre-Nytt) – Taket er ferdig og alt som har vore rote i av konstruksjonen er utbetra. Vi har isolert og fått bordkledning på to sider av fasaden. Eg tykkjer at vi har kome godt i gang, seier Kolås entusiastisk.