Aquadome-saka i Søre Sunnmøre tingrett dag 2:

– Det vesentlege er vêret og bølgene

Norpartners meiner bestemt at oppdrettsmerda vart utsett for naturkrefter den ikkje var meint å tole.

I kamp: Advokat Ole-Reinhart Notø (til høgre) argumenterer for at Norpartners har gjort det dei skulle. I midta sit advokat Øystein Vartdal Riise, til venstre dagleg leiar i Norpartners Ivar Gaustad. Han er samstundes styremedlem i MSC.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

pluss

Norpartners kjempar for å unngå å, saman med MSC, måtte betale Cermaq 14,3 millionar kroner. Advokat Ole-Reinhart Notø heldt fast ved at verksemda aldri gjorde noko feil då dei støypa kompositten i aquadomen (ei innovativ, lukka oppdrettsmerde).