Styret vil ha ny Kleven-sjef få månader etter Karsten Sævik starta i jobben:

– Det kom som eit sjokk

Karsten Sævik fekk berre vere Kleven-sjef i nokre månader, før styret ved verftet valde ein ny toppsjef frå Hurtigruten.

Sjokkert: Hovudtillitsvalt Therese Hjelmeseth for Fellesforbundet på Kleven seier dei tilsette vart overraska over at dei igjen får ny sjef på verftet, berre få månader etter at Karsten Sævik starte i jobben. – Vi har vore veldig nøgd med Sævik og trudde alt var bra til dette kom i dag, seier ho til Sunnmørsposten. Arkivfoto: Marius Rosbach  Foto: Marius Rosbach

pluss

Det har vore ei turbulent tid for det tradisjonsrike verftet dei siste åra. Spørsmålet er om det vil roe seg no, etter at det i går vart kjent at Olav Nakken tek over som ny toppsjef i selskapet. Dei tilsette fekk vite nyheita under eit allmøte i verftslokala utanfor Ulsteinvik.