Retten avgjer om ideelle organisasjonar eller to eldre brør får arve stor formue

Tvist om arv på 16 millonar

På dødsleiet ville mannen at verdiane hans skulle kome barn og unge til gode. Han signerte aldri testament, og no skal retten avgjere om det likevel er gyldig.

Saksøkjarar: Advokat Nils Ivar Sylte representerer organisasjonane og kameraten til avdøde som er tilgodesett med pengar i testamentet. Om testamentet blir kjent gyldig vil organisasjonane dele ein arv på 15 millionar kroner. Frå venstre: Runa Bakke, Barnas Turlag Ørsta/Volda, Ann Kristin Bekkevoll, Opplevelseskortet, Helge Vatne, Ørsta Røde Kors og Unni Østlie, Røde Kors sentralt.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

pluss

Mannen var ungkar og lèt etter seg det som viste seg å vere ein stor formue. Ikkje minst hadde aksjane i Marine Harvest gitt god avkastning.

I Søre Sunnmøre tingrett kom det tysdag fram at formuen det no er arvestrid om, er på heile 16 millionar kroner.