Venstre-politikar meiner ny teknologi gjer at vi må tenkje breiare enn bru og tunnel

Hyperloop over fjorden?

Pål M. Grødahl (V) i Ulstein meiner politikarar bør vere meir opne for å vurdere andre transportløysingar enn bru og tunnel.

Røyrbane: Hyperloop One-prosjektet der mellom anna Tesla-grunnleggar Elon Musk og Virgin-eigar Richard Branson har interesser, opplyste denne veka at dei har planar om å bygge ein bane for røyrtransport i India. Tidlegare har dei peike ut ulike strekningar i Europa som kan vere aktuelle. Reisetida på ei strekning frå Helsinki til Stockholm er berekna til ein halv time.   Foto: Hyperloop One

pluss

– Er det mogleg at andre transportløysingar er meir framtidsretta enn tradisjonelle vegar? Spørsmålet kom frå Pål M. Grødahl då Sunnmørsposten var ute på gata i Ulsteinvik for å snakke med folk om utviklinga med førarlaus transport på land og til sjøs.