Kjell Inge Røkke-kontrollerte Aker Biomarine har tatt Stig Remøys Rimfrost for retten

Hevdar sal var fiktivt

Striden om ein patentert prosess for å foredle kril er oppe for Søre Sunnmøre tingrett.

Krilstrid: Advokatfullmektig Lene E. Nygård heldt innleiingsføredrag for Aker Biomarine. Lars Jacobsen (t.v.) er juridisk rådgjevar i Aker Biomarine. Til høgre er Are Stenvik. 

pluss

– Prosessen er i fire trinn. Krilen kjem inn og vert kutta opp i små fragment, på nokre få millimeter. I steg to tilsettast eit enzym for å få i gang hydrolyse. Det er ein prosess som tek sikte på å løyse opp bindinga mellom skalet og kjøtet i krilen. Fluoret sit i skalet, og det tredje steget er å skilje skalfragmenta frå det ein vil ta vare på. Det fjerde steget er å stanse hydrolysen ved å deaktivere enzymet. Det gjer ein ved å tilsetje varmt vatn, sa Are Stenvik, advokat i selskapet Bahr, som representerer Aker Biomarine i saka, og illustrerer med det kva saka står om.