Anette synest ho klarte seg bra, trass i dei vonde og ubehandla opplevingane. Så sa kroppen stopp

– Eg reagerte med vantru då nyheita kom, om at dei vil kutte døgntilbodet i psykiatri på Sjøholt. Sjølv har eg fått uvurderleg hjelp der.

Fortel historia si: Med eit sterkt ønskje til grunn om at Sjøholt DPS ikkje blir lagt ned, men også om å bidra til meir openheit rundt det å vere psykisk sjuk, fortel Anette Møll historia si. Sjølv fekk ho det ho omtalar som uvurderleg hjelp, nett ved det distriktspsykiatriske senteret i Ørskog kommune.  Foto: Nils Harald Ånstad

pluss

Anette Møll sit i ein stol i finstova på Møllstunet i Geiranger. Ho har sjølv tatt kontakt og invitert oss heim til klyngetunet ho arva for rundt ti år sidan. Ho har noko ho vil fortelje.