Etter ein mange tiår lang namnekamp er det endeleg avgjort:

Over og ut for Heissa

Om det skal heite Hessa eller Heissa er debatten som aldri døyr. Eller gjer han endeleg det? 43 år etter kommunen bestemte seg, følgjer Kartverket etter.

Heissa eller Hessa? Språkrådet rår til å bruke Heissa om Hessa. Den mange tiår lange debatten er med andre ord ikkje lagt daud enno.  Foto: Knut Arne Aarset

pluss

No har nemleg Statens kartverk gjort vedtak om å endre namnet på Heissa til Hessa. Sjølv om dei fleste seier Hessa og det har vore namnet på bydelen sidan 1976, har øya likevel hatt namnet Heissa i Sentralt stadnamnsregister (SSR).