Tonje Dyb frå Godøya er ei av få kvinner her til lands som er styrmann på ein større fiskebåt. 26-åringen var med på to av dei i alt tre turane «Loran» hadde til Jan Mayen i fjor, der dei - ifølgje Fiskebåt som første båt i nyare tid - dreiv lønnsamt fiske etter blåkveite og torsk. Foto: Staale Wattø

Når ho styrer båten

Livet til Tonje Dyb er ikkje A4. Halve året er ho på sjøen som styrmann og fiskar på «Loran», elles er ho stort sett å finne tett på ein dansk fotballproff, noko som for tida inneber å bu i Polen.