Helgapraten:

Når ho styrer båten

Livet til Tonje Dyb er ikkje A4. Halve året er ho på sjøen som styrmann og fiskar på «Loran», elles er ho stort sett å finne tett på ein dansk fotballproff, noko som for tida inneber å bu i Polen.

Ei av få: Tonje Dyb frå Godøya er ei av få kvinner her til lands som er styrmann på ein større fiskebåt. 26-åringen var med på to av dei i alt tre turane «Loran» hadde til Jan Mayen i fjor, der dei - ifølgje Fiskebåt som første båt i nyare tid - dreiv lønnsamt fiske etter blåkveite og torsk.  Foto: Staale Wattø

pluss

– Eg likar både fiskaryrket og det å vere styrmann. Difor sjonglerer eg litt, og reiser innimellom også som fiskar. Men denne turen skal eg styre båt, seier Tonje Dyb. Tidlegare i veka drog ho på sjøen att. Med utreise frå Tromsø skal «Loran» til Barentshavet for å fiske torsk og hyse.