[ helgapraten ]

I front for Ørstahallen

I 2003 vart Gunnar Knutsen spurt om kva draumen hans var. Då svara han «å byggje fleirbrukshall i Ørsta». 16 år seinare blei draumen endeleg realisert.

ENDELEG: Etter 16 år med hardt arbeid, mange diskusjonar, tallause møter og planlegging, vart Ørstahallen opna søndag i førre veke. Endeleg får barn og unge ein idrettshall som er Ørsta verdig.  Foto: Nils Harald Ånstad

pluss

– Dette gir moglegheiter for nye idrettar og aktivitetar. Det er noko eit moderne samfunn skal ha. Eg har for vane å seie at det er ein grunn til at det ikkje er ishockeyspelarar i Ørsta eller på Sunnmøre; vi har ikkje hall. Det at vi no har denne fleirbrukshallen og desse fasilitetane gjer at fleire kan ha ein positiv identitet til det å vere i Ørsta. Vi har fantastiske moglegheiter i Ørsta med fjell og slike ting, og så har fotballen fått sine ting. No var det på tide å få dette på plass, seier Knutsen.

Klatring, friidrett badminton, innebandy, basket, volleyball, turn, bordtennis, futsal og handball. Alle desse aktivitetane kan ein drive med i nye Ørstahallen. Nettopp allsidigheit har vore viktig for Knutsen å fremje i prosessen med å bygge hallen. Han håper hallen kan vere med på å skape ein ny kvardag for mange i Ørsta.