– Vi set pris på å vere saman og gjere noko i lag som ein familie

Jesper Törnqvist hadde tenkt å vere i Ulsteinvik i maks to år. Slik gjekk det ikkje.

Trivst: Ingen av dei hadde sett føre seg at dei skulle busetje seg i Ulsteinvik. No trivst dei veldig godt.  Foto: VICTORIA RØREN

pluss

Vikebladet Vestposten: – Eg er vel ikkje den første dette har skjedd med, seier Törnqvist, og siktar til at han blei forelska i ei lokal jente og berre har vorte verande på Hareidlandet.

Det er sein ettermiddag eller kanskje meir tidleg kveld i Holsekergjerdet i Ulsteinvik. I sofaen sit 33-åringen saman med jenta han blei forelska i: Birgitte Bakken (30) frå Hareid. Iver (2,5 år) er ivrig etter å vise lokalavisjournalisten både rommet sitt og leikene.