Helgapraten

Egil Romslo Schistad: Legen som sa ifrå

Vedtaket frå styret om nye, gigantiske millionkutt fekk sjukehuslegen til å reagere: – Hæh?!! Anten er dei maktarrogante eller så har dei ikkje peiling på kva som går føre seg. Søren heller, dette blir feil.

Slår alarm: – Bjella eg prøver å ringe handlar først og fremst om menneske som er fanga i eit system der pengar og tal har fått altfor stor plass. Desse mjuke verdiane som ikkje kan talfestast taper terreng: omsorg, varme, omtanke der tida sjølv er medisin. Problemet sit høgare enn den akuttøkonomiske situasjonen. Dette er eit symptom på ein underliggande sjukdom, seier Egil Romslo Schistad som er lege ved Ålesund sjukehus.  Foto: Staale Wattø

– Vi blir litt lei av å prate

Egil Romslo Schistad
pluss

Som ein toppidrettsutøvar som ikkje lenger høyrer publikum når det gjeld som mest, slik stilna mediestøyen då Egil Romslo Schistad sette utfor hoppkanten med lesarinnlegget «Eit sviktande hjarte».

Han blei til dei gradar lytta til. Så hadde han også vore nøye med førebuingane. Det nytta ikkje å sette utfor på måfå. Han brukte ei veke på å skrive og lét andre få lese og luke feil. Han sette si ære i at det skulle vere godt skrive.