No kan forbrukarane vere med og dyrke sin eigen mat:

Startar økologisk andelsgard

Med Strandabruket Andelsgard i Hornindal får distriktet sitt første andelsbruk. Her kan forbrukarane sjølve vere med og dyrke sin eigen økologiske mat.

Først: Strandabruket Andelsdgard blir det første andelsbruket i distriktet. Her kan folk vere med og dyrke sine eigne, økologiske grønsaker. – Mat frå jord til bord i praksis. Kjekt for vaksne og born! seier Jan Erik Stokkeland. 1. mai inviterer dei til informasjonsmøte med fagleg rettleiar Trine Folldal.   Foto: GUNNHILD SINDRE

pluss

(Fjordingen): Når grønsakene byrjar å vekse på det nyutlagte feltet til Torunn Lødemel Stokkeland og Jan Erik Stokkeland i Hornindal har dei vonleg fleire med seg på laget. Dei opprettar nemleg Strandabruket Andelsgard, der forbrukarane kan kjøpe seg inn som andelseigarar og ta del i dyrkinga og haustinga av eigen, økologisk mat.