Serien om vald mot barn:

Sjukehuset spør om vald mot barn

– Eg har alltid visst at desse barna finst, men aldri tenkt at det finst så mange, seier lege Carmen Reinhart-Van Gülpen. No har dei endra rutinene på sjukehuset for å avdekke vald mot barn.

HISTORIE Eli Bente Langva og lege Carmen Reinhart-Van Gülpen gjer medisinske undersøkingar av barn på Statens barnehus. Reinhart-Van Gülpen fortel at dei når dei får barn til avhøyr og undersøking på barnehuset, så kan dei ofte sjå teikn i barna si sjukehistorie. – Når dei kjem hit, så ser vi historien, at dei har hatt diffuse plager dei har gått med.  Foto: NILS HARALD ÅNSTAD

– Det har ikkje vore kultur mellom legar å tenke på mishandling i første omgang.

pluss

Carmen Reinhart-Van Gülpen er i tillegg til å vere lege ved barneavdelinga på sjukehuset i Ålesund også lege ved Statens barnehus ein dag i veka. I lag med sjukepleiar Eli Bente Langva undersøker dei barn som fortel om vald og seksuelle overgrep.