VALD MOT BARN:

Vil ha valdsteam for barn hos politiet

Over hundre barn i løpet av eit år. Men få domar. Politiet arbeider med valdssaker mot barn heile tida, men etterforskinga er vanskeleg og dei aller fleste sakene blir henlagt.

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad er leiar for teamet mot seksuelle overgrep på Sunnmøre.  Foto: Torill Myren

– Med dei reglane som gjeld i dag for startfasen av ei etterforsking, så meiner eg at rettssikkerheita til barn er dårlegare enn til vaksne

pluss

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad er leiar for teamet mot seksuelle overgrep på Sunnmøre, men arbeider som dei andre politiadvokatane også med valdssaker mot barn. Det er ikkje noko eiga gruppe som arbeider med dette. Til trass for at det er mange fleire slike saker enn saker som gjeld seksuelle overgrep.