Beklagar at avklaring tek tid

If Skadeforsikring ventar no på avgjerda i Finansklagenemnda i Akslen-saka.

If Skadeforsikring: Jon Berge, informasjonsdirektør i If Skadeforsikring. 

pluss

– Det skal svært mykje til at vi ikkje retter oss etter konklusjonen i Finansklagenemnda, seier informasjonsdirektør Jon Berge i If Skadeforsikring.

– Vi er dei første til å beklage at det tek tid å endeleg avklare saker som dette. Difor har vi også passa på å utbetale delar av erstatninga til Akslen, samt dekt løpande utgifter.

Berge seier det er ingen tvil om at Akslen skal ha erstatning, men spørsmålet er storleiken. Vidare at forsikringsselskapet baserer seg på politiets etterforsking etter at ulukka var eit faktum.

– For dei fleste forsikringar gjeld at ein også skal vere vanleg forsiktig for at den skal gjelde fullt ut. I dette tilfellet meiner vi han skadde seg ved ei grad av aktløyse

– Han burde vore meir forsiktig ved saga som han kjende godt til etter mange års arbeid med den. No skal Finansklagenemnda sjå på saka og me ser fram til ei avgjerd der. Vi finn det mest korrekt å avvente kva nemnda seier og ikkje seie meir om saka utover dette, før klagesaka er endeleg handsama, seier Berge.

Han kjenner ikkje til at det har vore mange liknande saker. Dei han kjenner til har hatt sprikande rettspraksis.