Luringen som lurte X2

X2-festivalen har alt skapt skihistorie med sitt tiårsjubileum denne veka. Ein langrennsløpar skapte også X2-historie for sju år sidan.

Sjefen: Eirik Vaage var med på oppstarten av X2-festivalen for ti år sidan, og han tronar framleis på topp som festivalsjef. Her er han for høvet til topps i alpelandskap i Senja. Foto: Lars Erik Dalheim 

– Vi var ein liten naturglad gjeng som ville prøve å få til noko

Luftsport: Luftakrobatikk har vorte eit fast innslag i X2 siste åra. I år blir det både basehopp ved Hellesylt og fartsflyging med miniskjerm frå Rotsethornet i Volda. Arkivfoto: Knut Arne Aarset 

pluss

X2-sjef Eirik Waage (35) står framleis fram som ein dirrande energibunt, ti år etter at han var med å drage i gang dette årlege sportssirkuset i stupbratte fjellsider, så vel som på fartsbrett over tørr asfalt i gatene på søre Sunnmøre.

Luringen

– Vi var ein liten naturglad gjeng som ville prøve å få til noko. Det starta med randonee-skia sitt inntog, og ein konkurranse om å bruke raskast muleg tid opp – og ned av to fjelltoppar i Ørsta, fortel Vaage. Når han blir bedd om å trekkje fram ei spesiell historie frå dei første åra står valet klart:

 – Ja, det må jo vere voldingen som lurte både arrangøren og topptrente og ambisiøse randonee-fantastar.

– Han stilte på superlett langrennsutstyr og sprang frå alle til topps. Ned att hadde han ikkje akkurat eit fortrinn på dette utstyret, men også dette løyste han på ein snedig måte og slo alle med god margin.

– Dette hadde korkje vi eller konkurrentane noko å stille opp mot, og Cato Ryste fekk ein velfortent X2-statuett for sigeren sin, smiler Eirik Vaage.

Applaus.

Sunnmørsposten stod i målområdet og kan vitne om forvirringa, vonbrotet og jubelen som oppstod då Cato Ryste kom rutsjande over mål på rumpeakebrett mellom skispilene. Rett nok var han godt trent som langrennsløpar, men det var for kreativiteten han fekk mest applaus frå publikum ...

Varemerke.

Og kreativitet, det har leiinga i X2 gjort til sitt eige varemerke sidan, med stadige utvidingar i typar konkurransar. Ikkje berre til fjells og lands, men også med surfing på havbårer, padling i stride elvar og glideflukt i lufta.

– Det tek lang tid å bygge opp ryktet og varemerket ein slik festival er avhengig av for å lukkast.

 – Vi føler vi langt på veg har lukkast i målet vårt med å skape interesse på tvers av ulike greiner og profesjonar, og ikkje minst med å få publikum og oppslutnad ute i felten, seier festivalsjef Eirik Vaage. Så sjekkar han vêrmeldinga for slutten av veka og kjem med eit lite utbrot: Yes! Lite vind også, det er faktisk det viktigaste. Nesten alle andre forhold kan vi meistre, insisterer sjefen.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
pluss