Når Ivar og Dagmar treff land

Sidan oktober 1995 har 57 ekstremvêr ramma Norge. Dagmar er det uvêret som gjekk hardast ut over Sunnmøre frå denne perioden, og var nesten like sterk som nyttårsorkanen i 1992. Er det meir ekstremvêr no enn tidlegare?

Det såg ut som eit katastrofeområde frå Fjellstua og heilt inn til Fagerlia

ARNSTEIN EIDE
pluss

Første juledag 2011 var Hans Peter Eidseflot og familien akkurat ferdig med julemiddagen då dei høyrde kor det byrja å blåse opp utanfor. Familien på fire hadde besøk av foreldra til kona Gunhild Øksne på garden Eidseflot i Bjørkedalen.