«Fjellet som trugar»

Ikkje alt var bedre før

Kommentar

Tafjordulykka: Det var ingen som vart varsla då Langammaren lausna og datt ned i fjorden i 1934 og førte til at 40 menneske omkom i flodbøgja. I dag er det heldigvis annleis og geologar følger med ustabile fjell, mellom anna Åkernesfjellet i Synnylvsfjorden. Arkivfoto.$RETURN$$RETURN$ 

«Kanskje vil tvilen omkring det som kan skje på Åkerneset føre til at fleire flyttar»

pluss

Både i Tafjorden og ved Loenvatnet var det mange som såg teikn til at fjellet kunne rase ut. Det auka på med småras i området, og i Tafjorden visste dei om ein fjellsprekk oppe på fjellet som utvida seg, men det var ikkje i deira tankar å flytte. Lagnaden fekk rå. Då Rammerfjellet over fjorden frå Stranda raste ut i 1731, var det ingen som hadde tenkt tanken ein gong. Heilt fram til vår tid har haldninga vore at farlege fjell må ein berre bøye seg for, og vil ein unngå faren så må ein flytte.

Folketomt. Plan- og bygningslova seier at det skal det innførast byggeforbod på område der sjansen for skred er større enn eitt pr. tusen år. Hadde ikkje lova blitt moderert så ville det ikkje kunne bu folk i dei fleste fjordane på Vestlandet og i Nord-Norge.

Då den auka risikoen for store ras og store flodbølgjer vart gjort tydeleg av geologane utover i 1980- og -90-åra, vart mange redde. Hadde det ikkje vore for ein stirrig og kreativ ordførar på Stranda som heiter Frank Sve, og som fekk gehør i geologimiljøet om at det ville vere mogeleg å overvake dei farlege fjella og varsle i god tid før rasa kjem, så er det ikkje sikkert at det hadde vore eit beredskapssenter på Stranda.

Overvaking i verdsklasse. Merkeleg nok er beredskap mot risikoen for store fjellskred ei kommunal oppgåve. Det er meiningslaust. Ansvaret for å hindre eller i det minste avgrense raskatastrofer bør sjølvsagt vere ei nasjonal oppgåve, og beredskapssenteret på Stranda er då også blitt ein statleg institusjon. Her blir farlege fjell og fjellsprekker overvaka døgnet rundt av fagfolk som er blant dei beste i verda.

Dei meiner å kunne varsle innbyggarane i alle kommunane langs fjorden som kan bli utsett for fare, og det skal skje i så god til at folk rekk å evakuere til trygge område. Den største jobben blir kanskje å evakuere sjuke- og aldersheimar og skular, men ei øving for nokre år sidan viste at dei greidde det innanfor dei fristane som vart sett opp. No viser nye utrekningar at evakueringssona vil gå endå høgare, så det er nok på tide med ei ny øving.

Vond ventetid. Spørsmålet ingen har noko godt svar på, er kva som skjer dersom det varsla skredet ikkje kjem? Situasjonen kan kome til å likne på då skredet ved Mannen i Romsdalen likevel ikkje kom, trass i at geologane venta at det skulle kome. Folk evakuerte, men når vert faren over og det er trygt å flytte heim att?

For Åkernesremna sitt vedkomande vil det vere snakk om evakuering i meir enn ti bygder langs fjorden som vil omfatte mange tusen menneske. Kor lenge vil slike menneskemassar ha tolmod til å vente dersom ikkje skredet kjem? Her må det lagast presise og klippefaste prosedyrar som også innbyggarane blir kjent med og er innforstått med.

Store materielle skader vil det kunne bli om heile fjellpartiet rasar ut. Det må det leggast planar for. I samband med ei slik katastrofe vil informasjonsbehovet auke dramatisk, og behovet for intakt telesamband vil vere ekstremt. Då må ein i tide flytte sårbare teleinstallasjonar ut av risikoområda.

Massivt medietrykk. Tafjordulykka var den første store medieulykka her i landet. Aftenposten kom med eige sjøfly ført av flypioneren Viggo Widerøe, som landa på Onilsavatnet. Og fotografen Ingvald Møllerstad rakk å ta mange bilde av katastrofeområdet som han fekk sendt med flyet tilbake. I dagane etterpå var dette den store nasjonale saka, og også internasjonalt var det førstesidestoff. Når geologane varslar at raset på Åkerneset kan kome når som helst, vil dette vere ei varsla verdshending som internasjonale media vil kaste seg over. Det er bra at ein også har planlagt for å styre horden som kjem, men ein må også vere budd på å takle den mediemessige nedturen dersom skredet ikkje kjem.

Alternative løysingar. Geologane er usikre på om kor stort skredet blir. Vil den vestlege delen mot Flosteingjølet, der sprekka utvidar seg mest, kome først? I så fall blir tsunamibølgja mindre og skadeomfanget også mindre. Det er mykje ein ikkje veit, og dei farlege fjella kan vere lumske. Difor er det all grunn til også å forske på andre løysingar for å redusere risikoen frå dei farlege fjella. Det å bore seg inn frå Fjørstad-sida i Strandadalen for dermed å kunne dempe vasstrykket der fjellet glir, har vore lansert. No skal fleire slike alternative løysingar drøftast på Åkneskonferansen i Geiranger til helga. Det er bra, men viktigast av alt er eit godt planverk og fleire øvingar.

Men når vil det rase? Utfordringa er sjølvsagt at ingen veit kor langt fram i tid det vil gå før fjellet under Åkernesremna tar laust. Skredeksperten Astor Furseth trur at Åkerneset kjem til å ramle innan 50 år. Kanskje har han rett? Men vil styresmaktene greie å halde beredskapen på topp i så lang tid? Nye generasjonar kjem til, og også dei må øvast. Kanskje kjem det ny teknologi som kan gjere det mogeleg å redusere risikoen?

50 år er ei lang tid, og mange av desse fjordbygdene er prega av fråflytting og til dels også forgubbing i form av ein stendig større andel eldre. Kanskje vil tvilen omkring det som kan skje på Åkerneset føre til at fleire flyttar? Det vil i så fall vere synd og eit nederlag for ikkje minst turistnæringa som står så sterkt i desse bygdene. Nettopp risikoen kan også vise seg å vere ein turistattraksjon.