«Fjellet som trugar»

– Det vanskelegaste blir å avgjere om folk får flytte heim

Politioverbetjent John Kåre Flo ved Sunnmøre politidistrikt trur vanskelegaste avgjerda vert å ta stilling til om evakuerte får flytte tilbake dersom det varsla fjellskredet ikkje kjem.

Se hvor høyt bølga kan treffe Hellesylt

– Vi tek så kraftig i for at dei som bur i områda skal kunne sove godt om natta

Jon Kåre Flo
Åkerneset
  • Ved Åkerneset på vestsida av Sunnylvsfjorden, midtvegs mellom Stranda og Hellesylt, er ei fjellside i sakte rørsle.
  • Rørslene varierer, frå nokre få cm til over 10 cm i året.
  • Området, som er i rørsle, er på nesten ein kvadratkilometer, og strekkjer seg frå 200 til 900 moh.
  • Fjellmassivet kan vere over 100 meter djupt, med eit volum på mellom 40 og 54 millionar kubikkmeter. I verste fall reknar ekspertar at omtrent 54 millionar kubikkmeter stein vil rase ut i fjorden og skape flodbølgjer som kan rekkje langt utover Storfjorden.
  • Ti kommunar (Stranda, Norddal, Stordal, Sykkylven, Ørskog, Ørsta, Hareid, Skodje, Sula og Ålesund) kan vere i faresona.
  • Kjelde: NVE

Godt budd: Fjellet er uberekneleg, og når eit eventuelt ras vil kome og kor stort det vert, er umuleg å vite eksakt. Desto viktigare er det å ha grundige planar for å vere godt budde når fjellskredet går, og gjere situasjonen så forutsigbar som muleg for innbyggjarane, meiner politioverbetjent John Kåre Flo. 

Vanskeleg: Politioverbetjent Jon Kåre Flo meiner det vanskelegaste blir å avgjere om evakuerte innbyggjarar får flytte heim att - om raset ikkje går.  

Blir evakuert I fall det størst tenkjelege raset går på Åkerneset, vil dette huset vere eit av dei øverste som blir evakuert. Sjølve grensa for evakuering går litt lengre opp i bakken. 

Evakueringsgrense: I Sunnylvsbygda går evakueringsgrensa opp til brua mot Hellebostad. 

pluss

Politioverbetjent John Kåre Flo ved Sunnmøre politidistrikt trur vanskelegaste avgjerda vert å ta stilling til om evakuerte får flytte tilbake dersom det varsla fjellskredet ikkje kjem.

Han er budd på at det kan verte lenge å vente. Kor mange som vert evakuert dersom Åkerneset eller Hegguraksla står i fare for ramle, veit han ikkje. Men at det er mange, er det ingen tvil om.

Flo har sidan 2006 vore med og laga planar for korleis ein skal handtere ein situasjon der dei ustabile fjellpartia på Åkerneset i Stranda eller Hegguraksla i Norddal kan ramle.


«Fjellet som trugar»

Ikkje alt var bedre før

Kommentar


Vanskelegast trur han det vert om det oppstår ein slik situasjon på vinterstid, då Strynefjellsvegen og Trollstigen er stengt og klimaet ikkje spelar på lag.

– Sjølv om det er mykje turistar i området om sommaren, vurderer vi det slik at vinteren er vanskelegaste tida.

Objekt-planar

Flo inngår i ei gruppe på fem personar med representantar også frå fylkesmannen og kommunar. Dei legg no siste hand på objekt-planar – eit planverk under Nasjonal plan for fjellskred og over aktørane sine beredskapsplanar.

– Det vi har gjort så langt, er å sjå på som eit forprosjekt til det endelege planverket for Åkerneset og Hegguraksla. Planane vil leggje føringar på ei rekkje område, som politi, kraftverk, vegvesen og mattilsyn.


«Fjellet som trugar»

På ustø grunn

Her er Per Åkernes attende på fjellet han har frykta i over 30 år.


Folkemøte

 For å informere dei 10 involverte kommunane, har det og vil det bli skipa til folkemøte. Her kan det vere at dei får innspel og ny informasjon som gjer at objekt-planane må justerast.

– Det kan for eksempel vere at vi har oversett hus eller hytter, forklarar John Kåre Flo som i løpet av arbeidet har vore på synfaring langs alle strender i dei aktuelle områda.

Objekt-planane tek utgangspunkt i oppskyllingshøgder som Norges Geotekniske Institutt (NGI) utarbeidde i 2010 på oppdrag frå kommunane.


Ønsker Åknes-drenering

Oskar Grimstad (Frp) forventer 50 millioner kroner til utreding av drenering av Åkneset.


Evakueringssoner

– Vi har lagt på ein margin på 60 prosent for å definere evakueringssoner. Vi tek så kraftig i for at dei som bur i områda skal kunne sove godt og for at vi kan ha ein sikker margin, seier han.

Flo er trygg på at dersom det oppstår ein slik situasjon med Åkerneset eller Hegguraksla, vil geologane varsle i god tid.

– Slike forvarsel vart gitt før Tafjordulykka natt til 7. april 1934, seier han.

Forbi Union

Då ein hausten 2008 arrangerte øvinga TYR, vart pensjonærar, barnehagebarn og skuleelevar evakuerte til Union Hotel i Geiranger.

– På grunn av at evakueringssona no går forbi hotellet og heilt opp til Kopsvingane, som ligg 112 meter over havet, vil ikkje hotellet lenger kunne nyttast til evakuering. Det vert opp til kommunen å finne eigna stader, seier han.


«Fjellet som trugar»

Olina opplevde flodbølga i Tafjorden

Katastrofefilmen «Bølgen» har snart premiere. Den treng ikkje Olina Bjørlykke (101) sjå. For ho har sett ei katastrofebølge herje.


Flyforbod

Om det vert slått alarm for Åkerneset, reknar John Kåre Flo med at det vert innført flyforbod i området og at Oaldsbygda på andre sida av fjorden vert avsperra. Dermed kan ikkje media ta oppstilling der og vente på at skredet skal gå.

– Det kan og verte lagt ned forbod mot å opphalde seg i strandsona og ferdast på fjorden fordi det kan vere farleg.

Pool-ordning

John Kåre Flo reknar med at det vert innført pool-ordning, slik at utvalde media vert floge over området for å ta stillbilete og video – og at råmaterialet vert stilt til rådvelde for alle frå media.

– Vi har allereie hatt møte med NRK og TV2 om dette, seier han.

Kjelde: NVE Illustrasjon: Liv-Jorunn Håker Ottesen

Liv og helse viktigast

– Det primære er å sikre liv og helse. Ifølgje politilova vil politiet også få ansvar for å sikre verdiar, inntil styresmakter og privatpersonar tek over ansvaret, seier politioverbetjent John Kåre Flo.

Han ser det slik at lokale brannkorps vil spele ei nøkkelrolle i fasen etter at politimeisteren har fatta vedtak om evakuering.


Sikrar innbyggjarane viss bølgja kjem

Evakueringssonene for ei flodbølgje frå Åkneset er vesentleg utvida.


– Men det vil også vere heilt nødvendig å be om hjelp frå sivilforsvaret, forsvaret og politireserven, seier han.Flo ser det slik at om det er fare for at skred vil gå, vil det vere avgjerande å halde vegar og ferjestrekningar oppe.

– På eit gitt tidspunkt vert vi nøydde til å stengje vegar og ta ferjer ut av drift, forklarar han.John Kåre Flo har inntrykk av at folk i dei truga områda tek situasjonen med stor ro.

– Utanforståande er kanskje dei som vert mest stressa.

Kjelde: NVE Illustrasjon: Liv-Jorunn Håker Ottesen

Slik blir fjellet overvaka

For å overvake dei ustabile fjellpartia på Åkerneset og Hegguraksla vert det nytta fleire uavhengige overvakingssystem.


Kjenner naturkreftene på kroppen i Tafjord

Vi lener oss tilbake på mjuke vegger og ser idylliske bilder gli forbi oppe i taket. Plutselig skjer det. Raset går, og det kjennes både i kropp og sjel.


Det vert nytta GPS, totalstasjon, bakkebasert radar, strekkstag, laser, geofonar og vinkelmålarar. I djupe borehol er det målingar av rørsler, vassnivå og temperatur.

Overvakinga i Hegguraksla er basert på strekkstag, bakkebasert radar i Fjørå og opp til reflektorar i fjellet og vinkelmålar.

Det finst mange døme både i Norge og utlandet på at store fjellskred gir mange signal før skredet går, som auka rørsler, ristingar og småskred.

Både i Tafjord og Loen var det observert auka rørsler over opne sprekkar i fleire år før skreda gjekk. På Åkerneset er det jamn rørsle. Det har ikkje overvakinga i Hegguraksla påvist, men det er indikasjonar på nokre millimeter rørsle ved den øvre fjellblokka og sesongvariasjonar som kan indikere ustabilitet.

Kjelde: NVE Illustrasjon: Liv-Jorunn Håker Ottesen

Bølgja vil komme fort og reise langt

Det vil gå berre fem minutt frå det ustabile fjellpartiet på Åkerneset ramlar i sjøen til den enorme flodbølgja når Hellesylt. Der vil flodbølgja skylje heilt opp til 84 meter på det meste.


Ser på drenering mot ras

Kan drenering stanse rørslene i Åkernesremna? Det er noko Stig Falling i Tafjord Kraftproduksjon ønsker svar på.


Det vil vidare gå mellom 10 og 15 minutt før flodbølgja når Ørskog og 25 minutt før den skyl opp inst i Hjørundfjorden. Der er det snakk om tre meter oppskylling.

– Når vi har berekna evakueringssoner, har vi gjort avgrensingar opp mot elvar, vegar og bruer der det har vore mogleg, seier politioverbetjent John Kåre Flo.

Noko som også er lagt inn i dei planane som han har vore med på å utarbeide, er at ei flodbølgje utover fjorden lett vil kunne dra med seg landsskred.

– Dette trur vi mellom anna kan skje i området mellom Stordal sentrum og tunnelane, fortel John Kåre Flo.