Artikkel frå Sunnmørsposten 31. juli 1985:

Fjellet sprekk over Sunnylvsfjorden

– Eg er ikkje i tvil om at fjellrekka ovanfor Åkneset i Sunnylvsfjorden har utvida seg. Bresten i fjellet er no om lag 500 meter lang og på det breiaste gaper han 25-30 meter. Dei lyse steinane i ura tyder på at fjellet er i rørsle, seier Per Åkernes, kjentmann i området. Han er redd fjellskalken kan rase ned i Sunnylvsfjorden og skape flodbølgje. Etter å ha studert kart over fjellpartiet meiner Steinar Bakkehøi ved Geoteknisk institutt i Oslo at det er liten sjanse for at fjellras ved Åkneset kan skape fårleg flodbølgje. Terrenget er ikkje stupbratt, og raset har lang veg til fjorden. Men for at folk skal kjenne seg heilt trygge bør fjellpartiet undersøkjast nærare, seier han.
pluss

Den digre fjellskalken som kan breste ut ligg ved Flosteinsgjølet, om lag 900 meter over Sunnylvsfjorden, midtvegs mellom Stranda og Hellesylt. Frå den fråflytte fjellgarden Åkneset ser vi rett over til Oaldsbygda. Ei eventuell flodbølgje vil gå mot Hellesylt, fordi fjell vil sperre vegen mot Stranda. Sunnmørsposten var i førre veke med Per Åkernes opp til den stygge fjellsprekken, som på folkemunne vert kalla «Remna». Per Åkernes budde på Åkneset i 26 år og er såleis godt kjend i området. Bortsett frå ein tur for tre år sidan, har han ikkje vore ved Flosteinsgjølet på 30 år.

Åkernes meiner at fjellsprekken har utvida seg i løpet av desse åra. «Remna» oppstod for over 100 år sidan, då eit stykke av fjellet under Flosteinsnibba sokk ned. Denne sprekken er i dag 25-30 meter brei og 40-50 meter djup. Kor mykje denne hovudbresten har utvida seg dei siste 30 åra, kan ein vanskeleg finne ut utan måleinstrument.

På veg ned frå fjellet oppdaga Åkernes ei sprekke som kryssa geiteråsa han ofte sprang i som gutunge. For 30 år sidan var dette ein liten brest i fjellet som knapt var sjåande. No er bresten om lag 70 cm brei. Bak den store rivna er det dessuten oppstått mange nye små sprekker.

Undersøkt tidlegare. Det er ikkje første gongen Sunnmørsposten undersøkjer fjellsprekka ved Åkneset. To journalistar tok seg opp til «Remna» i 1964 for å sjekke opplysningar som kom fram i ein artikkel av Jakob Midtgård. Observasjonar Midtgård hadde gjort rundt 1930 fortalde at sprekka var om lag 200 meter lang og breidda 15-20  cm. Han var redd fjellskalken kunne rase ut og lage katastrofe. Sunnmørspostens utsende meinte å kunne slå fast at sprekka hadde utvida seg mykje sidan Midtgård hadde undersøkt fjellet. Rivna var i 1964 ingen stader så smal som 15-20 cm. I ei lengd av 200-300 meter var breidda frå ein halv til to meter. Men desse målingane er ikkje nøyaktige, og truleg ikkkje gjort på same staden som for 20 år sidan. For å vite noko sikkert bør difor geologar undersøkje området.

Oppslaget i Sunnmørsposten i 1964 førte til at representantar frå Naturskadefondet drog på synfaring til Åkneset. Denne synfaringa vart seinare kritisert fordi dei to frå Naturskadefondet ikkje tok seg opp til det rasfårlege fjellpartiet, men studerte forholda med kikkert frå båt. Konklusjonen frå synfaringa var at terrenget skråna så jamt mot fjorden, at det ville vere utenkjeleg at større parti fjell kunne rase ut. Mindre ras kunne nok gå, men sidan gardane i området var fråflytte, var det ikkje nødvendig å gjere noko.

I ein kommentar til Sunnmørsposten seier kontorsjef Edgar Hamre i Naturskadefondet at det vil vere naturleg med ei ny undersøkjing no det har kome nye opplysningar i saka. Det er Stranda kommune som må ta initiativ til dette.

Måleboltar. Steinar Bakkehøi ved Geoteknisk institutt meiner det bør setjast opp måleboltar i fjellet slik at ein kan finne ut om det verkeleg har skjedd ei utviding. Dersom det blir sett opp måleboltar i haust, vil ein alt neste sommar kunne finne ut om det er aktivitet i fjellet. Måleboltane registrerer på millimeteren om fjellet utvidar seg. Dessutan finst måleutstyr som kan sende data til ein radiomottakar, og på den måten kunne nokon på Hellesylt fylgje med på det som skjer i fjellet. Dersom det kjem bråe utslag, kan folk verte varsla.

– Problemet med at lekfolk måler sprekker, er at sprekkene sjeldan vert målte på same staden. På Flofjellet i Stryn var det folk som påstod at ei fjellsprekke utvida seg. Men no har vi hatt ståande måleboltar i fleire år, utan at det har skjedd endringar, seier Bakkehøi.

Måleboltar vil kunne vise om fjellet over Åkneset rører på seg. Like viktig er det å finne ut om eit ras kan skape flodbølgje som vil nå Hellesylt.

Steinar Bakkehøi meiner altså at det er lite truleg at fjellskalken vil føre til kjempeplask. Dette fordi terrenget har ei jamn halling, og raset må rulle 1500 meter før det når sjøen. Storleiken på fjellskalken vil naturlegvis avgjere kor store bølgjer han skaper om han rasar ut.

Bakkehøi meiner det er stor skilnad på fjellpartia som rasa ut i Loen og Tafjord og dette ved Åkneset. I Loen og Tafjord var fjellet stupbratt, og vegen til fjorden kortare. Det er derfor lite truleg at Åknesfjellet kan føre til liknande katastrofe.

Bakkehøi understrekar at han ikkje har sett fjellpartiet, berre studert kartet etter å ha vore kontakta av Sunnmørsposten over telefon. Han kan difor ikkje seie noko sikkert, men meiner at fjellet ikkje representerer noko stort trugsmål. Om han budde på Hellesylt ville han framleis sove trygt om natta, men syte for at fjellet vart undersøkt.

Måleboltar bør kome

– Dersom kjentfolk meiner at fjellsprekken ovanfor Åkneset har utvida seg, bør det absolutt setjast opp måleboltar i fjellet, seier teknisk rådmann i Stranda, Tor Torheim, til Sunnmørsposten. Han har aldri høyrt om fjellsprekken ved Åkneset tidlegare, og vil svært gjerne kome i kontakt med Per Åkernes. Torheim meiner dessutan at fagfolk frå Norsk Geoteknisk Institutt bør undersøkje fjellet. For ein del år sidan vart det sett opp måleboltar på Skrenakken, og her er det ikkje registrert utviding.

Tekst: Hanna Relling Berg (journalist).
Fotograf: Ole Jostein Fet (fotograf).


Denne reportasjen stod på trykk i Sunnmørsposten 31. juli 1985, og er henta fram igjen i samband med artikkelserien «Fjellet som trugar» publisert i Sunnmørsposten på nett og papir, august 2015.