Markerte samanslåinga:

Opna nye Volda som ein piñata

Der var noko godt for ein kvar smak. Sjå bilda frå då gamle Volda, Hornindal og Bjørke viste fram sitt felles, rikhaldige kulturliv.
Bildeserier

Til saman kan nykommunen by på det aller meste, viste det seg. Spennvidda rakk frå skodespelar Torunn Lødemel (som var utkledd som det nye kommunevåpenet) til korsong, via blant anna fele og harpespel, rock, og vidare til komikar Kirsten Oses bemerkningar.