Eid:

48 deltok på UKM i operahuset

Litt færre deltakarar enn det brukar å vere, men likevel var 48 påmelde til årets UKM i Eid.
Kultur

Frå scena i Operahuset Nordfjord blei desse plukka ut til å gå vidare til fylkesmønstringa i Sogn og Fjordane:

Alexa Valentina, song, Ingeborg Myklebust, song/piano, rockebandet Jellylegs og popgruppa Maren, Johan & Sunniva.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Fire utstillarar er også plukka ut og skal representere Eid på fylkesmønstinga. Det er Ugne Gedvilaite, teikning/doodlebook, Akvile Naraskeviciute, smykkekunst, Anna Teresa Villar Sundal, novelle og Anna Henden Rand, måleri.

Dan Aasebø i kulturskulen opplyser at UKM i Eid i år hadde nokre færre deltakarar enn før om åra. Det skuldast etter alt å døme kollisjon med fleire andre kulturarrangement.

Les også: Store forskjeller i oppslutninga om UKM

Unge dansarar og musikarar, som elles kunne ha vore med på UKM, var med på kyrkjeturneen til Opera Nordfjord. NM i Brass var truleg også ein konkurrent.