Bjørn Marius Øyehaug er tekstforfattar, vokalist og gitarist i Rotlaus. Trommestikkene er bytta ut. Ideen utvikla seg saman med Levi André Leite om å starte eit eige band.

Hald deg oppdatert - følg smp.no på Facebook.

Festivalsommar

Det heile starta ein varm sommarkveld på Skjåk Countryfestival. Øyehaug og Leite hamna på ein fest. Der spelte Øyehaug gitar og song, og Leite spelte bass.

– Mange folk song med, og nokre folk spurde meg om kvifor eg ikkje skriv låtar sjølv. Eg svara ganske enkelt «Nei, kvifor ikkje?». Då starta det, seier Øyehaug.

Dei to reiste rundt som «backing-musikarar» for andre band, og dei spelte også saman i ungdomstida. Når dei øvde saman, gjekk spelinga over til å spele eigne songar. Eit frø vart sådd. Øyehaug fortel at dei fekk med andre til å spele i bandet, og i dag er dei fem medlemmar.

Slutta som trommis i Vassendgutane

I fem år var Øyehaug trommis i Ørsta-gruppa Vassendgutane frå Åmdal, og reiste rundt om i Norge og spelte konsertar. Vinteren 2013 takka Øyehaug for seg med ønske om å stå på eigne bein.

– Eg ville drive med noko heilt anna. Vennar av meg fekk utdanning og vart noko, og eg ville det same. Men no har eg gått tilbake til vande spor. Musikken er ein del av meg, og eg må ut på vegen for å reise og stå på scener, seier Øyehaug.

Rotlaus spelar folkrock-musikk, med fele og trekkspel. Øyehaug beskriv medlemmane i gruppa som ærlege og jordnære folk. Han meiner det er viktig å vere seg sjølv og ikkje prøve å vere nokon andre, heller å stå for seg og sitt og stole på det ein driv med. Øyehaug legg ikkje skjul på at Vassendgutane er store førebilete for han. Musikaren har mykje å takke dei for, at han er komen dit han er i dag. Noko av musikken kan ha likskap med Vassendgutane sin musikk, men det er viktig å skape sitt eige uttrykk.

«Bygderamp»

No har Rotlaus sleppt sitt første album. Det er fylt med varierande musikalske uttrykk, der gruppa er innom ulike sjangrar. Ifølge Øyehaug har det gått veldig bra, og korleis dei lagar musikken vidare får tida vise.

– Eg fekk faktisk telefon om at plata «Bygderamp» har selt meir enn Ole Ivars ved førehandssal, så det er bra. Det er vanskeleg å selje plater i dag, så eg håper at folk støttar oss og kjøper plata, seier Øyehaug.

Den første songen er skriven om Øyehaug sitt liv og tankar. Han har aldri funne fred i livet, og er stadig på leit etter nye mål og søker spenning i kvardagen. Men songane har sjeldan ei direkte tyding, seier han, og folk må lese eit djupare bodskap i tekstane.

– Eg greier ikkje å sitte i ro. Når eg er på landevegen og køyrer mykje, så tenker eg mykje. Dei djupe tankane vert til songtekst. Eg tenker veldig mykje, så eg trur ikkje at det vert noko problem å skrive fleire album, seier Øyehaug.

Kulturnyheter og oppdatert kulturkalender - få med deg det siste ved å følge smp-kultur på Facebook.

Gjev ut plater sjølv

Rotlaus fekk fleire tilbod om kontrakt med ulike plateselskap. Øyehaug brukte fleire veker berre på å lese igjennom og få justert kontraktar til tilfredstillande krav. Men bandet tok den tøffe avgjersla om å gje ut platene sjølv.

– Eg hadde ikkje forventa ein slik pangstart. Det er litt skummelt, og det går for fort til tider. Vi har heldigvis mykje folk i ryggen, og det er ein tryggleik, seier Øyehaug.

Framover skal bandet spele rundt om i Norge, frå nord til sør. I helga skal dei ha plateslepp på Norrøna i Ørsta, der laurdagen er utselt. Fredag vert det sal i døra for dei som er først ute.

Målet til Rotlaus er å lage musikk som folk vil ha. Bjørn Marius Øyehaug fortel at dei får positive tilbakemeldingar frå folk rundt om i heile landet kvar dag, med ønske om at Rotlaus skal kome til ulike stadar i Norge for å spele.