Dei nynorske festspela opnar torsdag, og tradisjonen tru blir det lagt ned blomster ved Ivar Aasen-statuen i Ørsta sentrum på føremiddagen før festspela blir offisielt opna.

Dagleg leiar ved Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng, heldt ein kort tale under markeringa.

Misoppfatting om norsk

Øvereng talte om morsmål og trekte linjer tilbake til Ivar Aasen, som sjølv ikkje fann noko han eigentleg kunne kalle sitt morsmål behandla i nokon gramatikk.

-Aasen sørga (nesten) på eiga hand for å ta livet av misoppfattinga om at norsk ikkje var eit eige språk, også mellom dei meir opplyste. Men ikkje alle land har hatt ein Aasen og ei levande målrørsle som har gått i bresjen for at folket sitt eige språk skal vere sjølvsagt å bruke kor som helst og når som helst, sa Øvereng.

Språkkonfliktar

Han trekte fram eksempel frå temautstillinga "Menneske og språk på vandring", der Ivar aasen-tunet har intervjua 13 innvandrarar med ulik bakgrunn og kultulr.

Ein av dei som har delt språkerfaring er Basel Ghajar frå Syria. Han har fortalt at den syriske dialekten blir brukt i dagleglivet, på gata og heime. Formell arabisk brukar dei berre i skulen og på universitetet, om du er lærar eller diktar.

- Vi har våre språkonfliktar vi også, men kan verkeleg setje pris på at vi trass alt har ein raus språksituasjon her til lands. Mykje takka vere arbeidet Ivar Aasen sette i gang for snart 175 år sidan, sa Øvereng og la til at vi kan bruke dei same orda på Stortinget sin talarstol som ved middagsbordet, i bøker, på konsertscener og i kafear.