Der er fleire faktorar som påverkar vår identitet og korleis andre oppfattar oss. Forskjellige hjelpemiddel kan gi andre eit inntrykk, som til dømes kleda ein ber eller profilbilete på Facebook. Kanskje kva du et til middag eller val av framkomstmiddel til arbeid. Likevel. Det er når munnen opnar seg, at verdiar og historie blir kjent. Morsmålet vårt seier litt om kven vi er, kvar vi kjem frå og kvar vi har høyrt til. Det vil gi oss ei kjensel av tilhøyrsle. Ei kjensle som er god. Å sjå viktigheita av morsmål er difor avgjerande.

Morsmål som identitetskort.

For alle menneske er det viktig å ha ein identitet. Vi treng noko å halde fast ved. Noko vi kan vere stolte av og vite at vi er ein del av. Gjennom morsmålet har ein ei tilknyting. Ei tilknyting og ein plass å kome frå. Vi kan til ei viss grad vise vår historie. Ei historie om kvar vi er frå og korleis det kan ha forma oss. Dermed også vere stolte. Om vi vil.

Kulturelt hòl.

Språkforskar Pia Johanne Lane meiner at ein skaper eit kulturelt hòl ved å bli fråteken sitt eige språk. Ho meiner at ein blir framandgjort. Dette seier ho i ein artikkel frå Universitet i Oslo. Sitt eige språk. Morsmålet altså. Vårt eige språk. Vi seier det ofte og i fleire samanhengar. Det kan vise ein kjensle av samhald. Noko vi eig i lag. Vi har det til felles og det bind oss saman. Vi høyrer til ein stad. Slik som reinen høyrer til flokken. Eller silda som treng stimen sin. Verda i dag blir berre mindre og mindre, og på få sekund kan vi nå ut til folk i andre verdsdelar. Det kan difor vere lett å føle seg liten, når folkemengda er så stor. Å høyre til ein stad, kan difor virke tryggjande. Kjensla av røter og opphav kan tette det kulturelle hòlet. Ein konsekvens av å bli fråteken morsmålet sitt, kan nemleg vere at ein føler seg mindreverdig. Spesielt om du er del av eit fåtal, som har eit annleis førstespråk enn fleirtalet.

Gir djupare meining.

Gjennom morsmålet kan ein forstå ting annleis. For ja, mange klarer å gjere seg godt forstått på fleire språk. Men, kan dei då også forstå seg sjølve gjennom det? Omgivnadane rundt kan vere like, men det ein verkeleg har på hjartet, djupast inne, det kan best forklarast på sitt eige språk. Dette meiner Sanna Sarromaa i eit debattinnlegg i VG, 09.07.2014. Ho er finsk i Noreg, forskar og spaltist. Ho meiner morsmålet er hjartans språk. Utan eit morsmål mister vi litt av kven vi er. Det som ligg djupast inne, kan vi risikere ikkje å finne att.

Ta vare på, eller miste?

Mange lever i dag utan å bruke morsmålet til daglegdags. Kanskje berre i telefonsamtalen med bestemor, eller i Facebook-meldinga til grandtanta. Landegrensene blir ofte kryssa, og familiar får nye heimland. Born kan vekse opp i eit land, men ha foreldre med ein bakgrunn i ein annan del av verda. Kanskje til og med på andre sida av jorda. Avstanden kan virke like lang som her ifrå og til månen. Kva er då morsmålet til desse? Vil foreldra bruke morsmålet sitt, eller lærer dei seg det nye og held fast ved det? Er det då lettare å få borna integrert? Eller, kan det vere mogleg å ha to førstespråk?

Grunnmur.

21. februar er den internasjonale morsmålsdagen, som set fokus på nettopp morsmål og viktigheita av det. Sjølv om Noreg også har feila på dette området før, burde vi feire. Vi har alle høyrt om fornorskinga samane måtte gjennom. Ja, alle burde i alle fall vite litt om det. Samane sitt morsmål var samisk, sjølv om dei budde i Noreg. Men, ville dei bli meir norske av ikkje å få snakke det språket dei kunne best? Det språket dei vaks opp med, snakka, grein med og lo med. Det første språket dei sa mamma på. Språket dei leikte med, utan verken iPad eller PlayStation på den tida. Det skulle vekk. Det bestemte dei som hadde «peiling». Samane mista noko då. Dei mista jo ein stor del av kulturen sin. Samane hadde ein avstand til norsken, men samstundes var ikkje tilknytinga til det samiske der heller lenger. Kven var dei då eigentleg? Dei var samar utan samisk språk. Nordmenn med ein anna kultur. Hadde dei noko grunnmur? Ein ting er sikkert. Fornorskingspolitikken førte til at det samiske språk i dag er utryddingstrua. Korleis vil det då gå med den samiske kulturen i seg sjølv?

Viktig.

Det er viktig å ta vare på morsmålet sitt. Enten ein bur der det stammar frå, eller på den andre sida av jorda. Enten ein er astronaut på mars eller nordmann i Sverige. Om ein mistar morsmålet sitt, kan ein ende opp med kjensle av mangel på bakgrunn og fortid. Kan morsmålet vere ein del av nøkkelen til innsida av kven du er?