Dagleg leiar for Alnes fyr og opplevingssenter, Anniken Aakvik, sprudlar mest over av lovord når ho skal sette ord på korleis besøket har vore den første opningshelga for den nye attraksjonen på Alnes.

– Folk har vist ei veldig interesse, og alle er imponert over bygget. Folk synest det er flott. Det fortel Anniken Aakvik om opplevingssenteret som no presenterer ei stor utstilling med vevkunst av Sidsel Colbiørnsen, og måleri og grafikk signert Ørnulf Opdahl, samt ei utstilling som viser Kystverket sin nyaste teknologi.

Stor tilstrøyming

Heilt eksakt tal har Aakvik ikkje, men anslår at vel 1.500 personar besøkte opplevingssenteret i løpet av laurdag og søndag.

Flest folk var innom søndag.

– Det var enormt med folk over alt,- både inne og ute. Berre i løpet av søndag selde vi rundt 400 sveler og rundt 500 fyrkakestykke har gått unna. Dei femten fyrtausene, som jobba i kafeen, har verkeleg stått på for å servere alle gjestene. Vi er kjempenøgde med den store tilstrøyminga, og alt har gått veldig bra, fortel Anniken Aakvik.

Ho hadde knapt landa etter den store festen fredag kveld då dronning Sonja stod for den offisielle opninga av Alnes fyr og opplevingssenter, før besøkjande byrja å strøyme på i helga.

– Folk har gått inn i galleriet og sett på kunsten, vandra rundt bygget, kjøpt seg kake og kaffi i kafeen eller funne seg ein plass utanfor nybygget og kosa seg i det flotte vêret, seier dagleg leiar for opplevingssenteret.

Alnes på Alnes

Anniken Aakvik trur at mange kjem til å bruke haustferien denne veka til å ta turen til Alnes for å ta den nye bygningen i augesyn.

Ikkje minst håper ho at mange kjem laurdag kveld for å få med seg den aller første konserten i opplevingssenteret.

Då held Frode Alnes konsert i gallerilokalet.

– Vi har valt Frode Alnes fordi etternamnet hans stammar frå Alnes, og fordi han er ein knallbra musikar. wAlnes på Alnes må bli bra, meiner dagleg leiar for opplevingssenteret.

Komande laurdag fyller Frode Alnes nybygget på Alnes med musikk. Arkivfoto