– Vi gler oss veldig. Det blir mest kjekt, men sikkert litt skummelt også, seier Anna og Vilde, kvelden før dei er på plass i Oslo.

Songen deira «Vestlandet» er plukka ut blant over 1300 bidrag. Jentene gjekk også vidare frå audition, og laurdag er dei klare for den store finalen.

Bru og tunnel

Det er Vilde, som går i åttande klasse på Eid ungdomsskule, som har skrive tekst og melodi til songen.

– Songen handlar om at nokon har tenkt å flytte vekk frå Vestlandet. Og når dei gjer det, så har dei lyst å flytte tilbake, fordi dei saknar plassen, fortel Vilde om teksten mange vil kjenne seg igjen i:

«Over eit fjell, gjennom ein tunnel, over ei bru, ja, der bur du. Håpar du veit kor heldig du er. Du bur på Vestlandet».

Etter at songen blei kjend i helga, har det vore mykje positiv respons både på tekst og melodi.

Musikk kvar dag

Songen var eigentleg meint for framføring på Ungdommens Kulturmønstring, men blei i staden send inn til Melodi Grand Prix Junior.

– Eg har skrive songar før. Songane berre kjem av seg sjølv. Det er fint på Vestlandet, så eg tenkte eg kunne lage ein song om det, fortel Vilde, som også spelar piano og har laga melodien.

Anna og Vilde blei kjende gjennom skiskyting. Og dei har sunge i lag på Ungdommens Kulturmønstring.

Vilde går på Eid ungdomsskule. Ho er også elev på kulturskulen, der ho får undervisning i piano. Songen er sjølvlært.

– Eg syng, spelar og høyrer på musikk kvar dag, fortel Vilde som alltid har likt å synge.

Anna går på Haugen skule. Ho har sunge så lenge ho kan hugse, og har ei mor som er songlærar.

– Eg syng berre når eg har lyst, fortel Anna.

Og det er nok ganske ofte, for ho har allereie vore med i fleire musikalar og to gonger i UKM.

Vilde har vore med på UKM tre gonger, så det er to scenevande finalistar som er klar for MGP Junior-scena laurdag.

Håpar å vinne

Anna og Vilde har møtt dei andre deltakarane på ein leir i sommar. Og dei meiner at alle har fine songar.

– Vi håpar i alle fall på å kome til superfinalen, men om vi ikkje gjer det, så går det heilt fint, seier Anna.

Og Vilde legg til:

– Om vi ikkje vinn, blir vi glade på vegner av dei som vinn. Men vi vil sjølvsagt vinne!

Jentene er likevel einige om at det ikkje er viktigast å vinne:

– Opplevinga er viktigast, og at vi får vere med. Det er det ikkje mange som får, seier Anna.

320 eidarar i Spectrum

Jentene har Justin Bieber, Selena Gomez og Ariana Grande som forbilde. Dessutan gruppa Indigo Child frå Nordfjordeid. Denne gruppa skal faktisk spele i pausen på MGP Junior-finalen, så Eid blir godt representert i Oslo Spektrum denne kvelden.

Og når jentene står på scena laurdag, vil ein stor delegasjon frå heimbygda vere i salen. Far til Anna, Arnt Ivar Naustdal, fortel at heile 320 eidarar har kjøpt billettar til Oslo Spektrum denne kvelden.

– Det blir kjempekjekt å vere så mange frå Eid. Og dette blir eit eventyr for jentene å vere med på, seier Naustdal.

På nettsidene til mgp jr kan du sjå og høyre alle dei ti finalistane.

«Vestlandet» sit som spikra, og Anna og Vilde håpar på mange stemmer i finalen. Foto: Anne-Mari Tomasgard