Inviterer til kortreiste førjulskonsertar

Årets mest kortreiste julekonsert, ifølgje trioen Tina Brandal, Merete Brandal og Bjørn Holum.

Turnerer Bjørn Holum, Tina og Merete Brandal 

Kultur

Dei lover perler frå eit rikhaldig repertoar og garanterer både god førjulsstemning og lave skuldre i god tid før jula set inn.

Dei startar fredag kveld  i Langevåg kyrkje. Så kjem turen til kyrkjene på Sæbø, Ulstein, Borgund, Vigra og med siste konserten i Hareid kyrkje 27.november, ifølgje ei pressemelding.

Tre allsidige solistar

Alten Merete Brandal har allsidig bakgrunn frå mellom anna jazz, gospel, pop og storband.

I tillegg til lokale oppdrag har ho jobba og turnert med mellom anna Jan Eggum/Blåtur, Bjørn Eidsvåg, Damer med mannskor, Beate Lech, Iver Kleive og Knut Reiersrud.

Bjørn Holum er bass-songaren frå SKRUK og Det Norske Kammerkor, men han har også i ei årrekke jobba som solist i ulike samanhangar.

Gjennom sitt virke som arrangør og korleiar har han mellom anna jobba med Jan Eggum og fleire lokale kor og artistar i tillegg til å vere aktiv som songar og skodespelar i Herøyspelet/Kongens Ring.

Sopranen Tina Brandal har saman med Merete og Bjørn vore med i vokalgruppa Damer med mannskor/Blåtur, og ho har turnert med Bjørn Eidsvåg, Jan Eggum, Iver Kleive og Knut Reiersrud.

Mange har dei siste åra sett og høyrt Tina som solist med ULF/HDU sine store nyttårskonsertar i Ulsteinregionen og i eit uttal andre konsertsamanhengar på Sunnmøre.

Saman med fire musikarar

Med seg har dei Peter Demirov på tangentar. Han er musikar og kulturarbeidar stasjonert i Ulsteinvik. Peter turnerer med ulike konsept og er ein velkjend entertainer og musikarar i regionen.

Kåre Skare Lystad har i tillegg til å vere gitarist reist som lyddesignar for fleire av Norge sine fremste artistar som til dømes D’Sound, Beady Belle og A1.

Fred Michal Knotten er aktiv som trommis i mange konstellasjonar på Sunnmøre, og spelar med mange ulike kor og artistar.

Jan Thormodsæter er mykje nytta som eventplanleggar, korarrangør og bassist og har tidligare fartstid innan artistmanagement og konsertbooking.