– Utruleg stor variasjon med mange uttrykk og sterke innslag, er det juryen brukar for å best samanfatte mønstringa som fann stad i Gomerhuset søndag kveld.

– Eg har vore med på dette i mange år nå, og er kjempeglad for at det endeleg er fleire gutar som deltar. I fjor var det betydeleg fleire jenter enn gutar, seier jurymedlem Ragnhild Hoddevik.

På scena på andre forsøk

En av dei mange gutane var 15 år gamle Sebastian Ulvestad som lenge har samla mot til å stå på scena.

– Eg har vel heldt på med song heile livet, men eg har ikkje opptredd særleg mykje, fortel Ulvestad som likevel har tatt songen nokså seriøst med mykje konsentrert øving på eiga hand.

– Det har vel for det meste gått føre seg aleine på rommet mitt. Sjølv om eg kan øve ganske mykje har det vel vore ein hobby, og eg har eigentleg ikkje hatt eit særleg stort ønske om å synge framfor folk, fortel han. I fjor hadde han tenkt å delta på mønstringa, men så kjente han at nervane tok overhand.

– Eg feiga ut. Men folk ville at eg skulle delta, så da prøvde eg meg på nytt i år, seier Ulvestad.

Ikkje siste gongen

Og at det å stå på scena falt i smak er han ikkje i tvil om.

– For meg var dette ein milepæl som heilt klart gav meirsmak. Eg står nok på scena fleire gonger no, meiner Ulvestad som blei møtt meg mange positive tilbakemeldingar frå publikum.

– Eg håper jo sjølvsagt at eg går vidare, men samtidig trur eg ikkje det skjer. Eg har verkeleg hard konkurranse, seier han og legg til at det eigentleg ikkje gjør så mykje om han ikkje hamnar i fylkesmønstringa.

– Eg trur eg kan lære mykje av berre det og delta.