Og det verkar lovande, for når vi spør om det er nokre av dei som skal begynne i korps, roper den eine etter den andre:

– Ja! Eg har lyst.

– Eg også, det er artig å spele, legg fleire andre til.

«Korps i skulen» kallar kulturskulen i Sykkylven prosjektet, som er finansiert med støtte frå Kvellaug-fondet, Gjensidige, korpsa og kommunen.

Investering

For det kostar å kjøpe inn over 100 instrument, fordelt på trompetar og klarinettar, som elevane tek med seg heim mellom kvar musikktime.

– I alt er det 111 elevar i 3. og 4. klasse ved seks skular som deltek i år, seier Erlend Eide, rektor ved kulturskulen.

Kulturskulen stiller med lærarar, og undervisinga skjer i skuletida.

– Vi gjer dette fordi vi ønsker å styrke rekrutteringa til korpsa i Sykkylven. I dag har vi to skulekorps – og eit vaksenkorps som er heilt i toppen i Møre og Romsdal, seier musikkleiar og lærar Åge Frøystad.

No er han og Erlend Eide spente på kor mange av dei 111 elevane som vel å gå vidare.

– Vi sender no ut invitasjon til å melde seg som rekruttar. Det er steget før dei blir aspirantar, fortel Eide.

Han håper at dette arbeidet som no blir lagt ned vil bere frukter slik at korpsrørsla er sikra i mange år framover.

– Ein gong i tida var det fem skulekorps her. No er det to igjen. Det er viktig å ta vare på desse ved å skaffe dei nye musikarar, seier Frøystad.

Dei starta opp med «Korps i skulen» i dette omfanget sist haust, og kjem til å vidareføre prosjektet så lenge det let seg gjere økonomisk.

Liv og lyd

Øvinga skjer med stor entusiasme. Vi kan skrive under på at dei får lyd i instrumenta. No er utfordringa å få dei samspelte.

– Vi lærer dei å spele samtidig med at dei lærer seg notar, forklarer Frøystad.

Nils-Gunnar Solli, leiar i Norges Musikkorps Forbund Nordvest er imponert over satsinga i Sykkylven og vil høyre meir om erfaringane dei haustar.

– Korleis står det til med korpsa i nordvest?

– Det er god driv i dei fleste korpsa. Vi har ca. 7.000 medlemer fordelt på 217 korps, og tala er stabile, seier Solli.