21 korps, frå Batnfjord i nord til Jostedal i sør, var samla til korpsfestival i Valldal i helga.

600 musikantar i tillegg til kring 100 i støtteapparatet, er ingen lite flokk å hyse for ei bygd på kring 1.000 menneske.

Skular og barnehage vart nytta til innkvartering, og tilbakemeldingane frå gjestane så gode at det har gjort arrangøren, Valldal skulekorps, litt yre, fortel stemneleiar Terese Jemtegård Moen.

Ny festival

– Vanlegvis har vi arrangert korpsstemne kvart femte år. Denne gongen vart det seks år sidan sist, fordi vi ville ha ferdig Martin Linge-huset. Men dette har gått så bra, at vi tenkjer oss ny festival alt om tre år, legg Jemtegård Moen til. Mange av korpsa hadde ei fin blanding av born, ungdom og godt vaksne.

Reine skulekorps vert det færre av, men det går i bølgjedalar hos mange. I Valldal har ein både vaksenkorps og skulekorps, noko Moen synest er flott:

– Her i Valldal er samarbeidet laga mellom særs godt. Så gode at måndagane er freda til musikkøving. Vi må bli flinkare til å ta vare på tenåringane. Det hjelper lite å rekruttere ned-anfrå dersom 14-og 15-åringane heile tida dett ut. Valldal Hornmusikklag er ein viktig støttespelar for dei yngre hos oss.

Alle aldrar

Skulekorpsa på Vigra og Valderøya er mellom dei som har slege pjaltane sine saman.

Dei er om lag 40, medrekna aspirantar.

For fire år sidan var dei kring 75, med 30 aktørar berre i drilltroppen. Og drilltroppen er framleis stor.

Drilljentene frå Vigra og Valderøya skrytte av opphaldet i Valldal. I fjor gjekk korpsturen til utlandet, i år av det kortreiste slaget, til Valldal.

– Det er normalen hos oss. Langtur anna kvart år. Bortsett frå vêret fyrste kvelden har vi hatt det kjekt. Vi har vore i klatrepark, på skredsenter, i Tafjordbadet, på diskotek og masse konsertar, mellom anna saman med Maria Holand Tøsse i Martin Linge-huset på laurdag.

Festivalen slutta med nasjonalsongen som felles-nummer på hamna – ei mektig oppleving!

BLANDING: Ungt og eldre om ein annan er normalen i lokale korps for tida, her Skodje skulekorps i aksjon. Foto: Atle Hole.
STEMNE: Oppmarsjen vart avslutta med fellesnummer på hamna i Valldal. Foto: Atle Hole