Erlend Walse Lid har fått tak i dei ni bøkene om Knoterud FK på SFO, og lese kvar ei side.

Forfattar Lars Mæhle forklarar at han eigentleg ville skrive ti bøker, men at forlaget plutseleg skrudde att krana etter bok ni.

– Dermed får ikkje fotballaget den avsluttande sigeren eg hadde planlagt, fortel han.

VTI Fotball vs. Knoterud FK

Men, «Knoterud» får ein ny sjanse på Volda stadion, då barna deler seg inn i to lag. Lukas Anthony Johansen scorar kampens desidert venaste mål: eit godt plassert frispark som susar forbi ein skvetten Lars Mæhle, og dei andre som står i mur, og går i krysset. Mæhle har kome inn heilt på tampen, og børstar støv av nokre gamle fintar.

– Forfattar-skills, ropar ein av ungane.

Men, det hjelper ikkje, for det blir ein overraskande siger til «bortelaget».

– Det var herleg at Knoterud endeleg vann, seier Lukas nøgd etter kampen.

Hjernen viktigast

Sofie Klepp Groven likte det å ha ein forfattar på besøk.

– Det er kjedeleg å ikkje vite noko, og artig å lære meir, slår Sofie fast.

Derfor har ho lese ut fleire bøker, på eiga hand.

– Hjernen er viktigare enn beina når ein skal spele fotball hevdar Mæhle overfor barna. Han seier vidare at å lese bøker er ein av dei beste måtane å trene opp fantasien på.

Fann ei meir naturleg forteljarstemme med nynorsk

Mæhle kritiserte norsk skule i opningstalen

Skal byrje å lese krimbøker

Erlend, som altså har lese rubbel og bit av Knoterud-serien, synest Ball med tall er den beste boka.

– Den er den mest spennande.

Her kjempar gutelaget for å unngå nedrykk, men keeperen er usikker på om han skal stille til kamp, eller delta i matte-NM.

Nettopp ball med tal vart det for Mæhle, som ikkje fekk runden av serien sin, med den tiande boka han hadde sett føre seg. Men, den planlagde sigeren kom derimot i hamn på Volda stadion denne dagen, sjølv om forfattaren var på det tapande laget.

Erlend har bestemt seg for å gyve laus på Mæhles krimbøker for barn og ungdom, sidan det ikkje er nokon fleire Knoterud-bøker att å lese.

Då Sunnmørsposten tok kontakt med føresette for å spørje om løyve til å publisere sitat frå barna, viste det seg at mora til Erlend er kommunikasjonssrådgivar for dei Nynorske festspela. Omtalen av han var sjølvsagt tilfeldig.