– Norsk Journalistlag er diverre ikkje særleg oppteken av vilkåra for nynorskjournalistane. Det er framleis sånn at det beste språket har dei dårlegaste vilkåra, utan at det plagar NJ noko særleg,  skal Kihl ha sagt i følge ei pressemelding frå NRK Nynorsk mediesenter.

Ingen større redaksjon med det fyrste

Kihl er ein politisk journalist som tidleg fredag mottok nynorsprisen saman med filmkritikaren og kulturjornalisten Guri Kulås. Begge er journalister for Klassekampen, og mottok 25.000 kroner kvar.

Der takka begge redaktør Bjørgulv Braanen for at dei får skrive journalistikken på nynorsk.

Men så skal Kihl ha gått over til å snakke om det han meiner er dårlege kår for nynorsken.

– Det er godt at den språklege fagforeinina mi står parat til å kjempe for den nynorske journalistikken, sa han i følge ei pressemelding. Og takka mållaget spesielt.

– Det er litt moro å skrive eit språk som tydelegvis er så farleg at redaktørane i dei fleste storavisene ser seg nøydde til å forby det på redaksjonell plass. Det er heilt fantastisk at redaktør Gard Steiro har oppheva forbodet i VG. Det utdaterte, pinlege og trongsynte nynorskforbodet i Dagbladet, Aftenposten, Dagens Næringsliv og mange, mange andre riksaviser gjer minst to ting: Norge lir eit kulturelt tap. Og sjefen min kan vere trygg på at eg ikkje søkjer meg til ein større redaksjon med det fyrste, sa han og mottok latter frå salen.

– Eg kunne spara meg

Kulås derimot var meir oppteken av at ho ser prisen som ein symbolsk stønad.

– Eg kunne spara meg sjølv for bry og budd med lettare fram for fleire lesarar om eg brukte majoritetsspråket. Det er lettare å skriva korrekt og stilistisk gjennomarbeidd bokmål enn nynorsk.  Bokmål er norma, og i pressa er denne norma planta på Aftenpostens konservative grunn, medan nynorsken er det «viltveksande» avviket. I motsetnad til bokmålsjournalistar nyttar vi formrikdomen i ordlista. Vakker i teorien, men så pressa som nynorsken og dialektane er, blir fridomen unekteleg både eit fundament for feilskjer og eit frikort til Stilistikkselskapet Disharmonien, sa ho la til at ho absolutt skal fortsette med nynorsk:

– Skal nynorsk ha ei framtid, kan vi ikkje slutte å utfordre vanen og reservattenkinga hjå majoriteten og oss sjølve. Eg skal halde fram med det frå mi tuve i medieverda, med å skriva filmmeldingar på nynorsk, lova ho.