– Eg var med for å høyre om den nye boka blir like bra som dei to andre, seier Borghild Opsahl (86). Ho lytta til Maria Parr saman med barnebarnet Dagni Myrene (15).

Viktig med blikkontakt

Og dei var ikkje aleine. Arrangørane måtte hente mange ekstra stolar, medan små og store strøyma til. Det kom fleire enn kva Ørsta folkebibliotek og representantane frå Dei nynorske festspela hadde turt å håpe på. Parr sjølv sa på førehand at det viktigaste ikkje er kor mange som kjem, men at ho får kontakt med barna.

– Eg håpar eg klarer ta med barna inn i universet til boka, sa ho.

Ho seier at blikkontakt er avgjerande når ein les for barn.

Falt i smak hos dei vaksne

På spørsmål om dei vaksne også kan ha glede av barnebøker, svarar ho ja. Og foreldre og besteforeldre lo og kosa seg vel så mykje som barna.

– Den nye boka verka artig, synest Borghild.

Barnebarnet Dagni spelte hovudrolla i tv-serien Vaffelhjarte, som gjekk på Nrk. Det var då, i 2011 Borghild vart introdusert for Parr-universet.

Dagni peikar på nokre av forfattaren sine litterære kvalitetar: – Måten ho leikar seg med ord og beskriv ting på – det gjer tekstane gode.

FAKTA:

  • Maria Parr (36 år) er aktuell med barneboka Keeperen og havet  som kjem i august.

  • Den finn stad i den fiktive sunnmørsbygda Knert-Mathilde, nett som i Vaffelhjarte (2005). Den er likevel frittståande

  • Førre utgiving var Tonje Glimmerdal (2009)

  • I den siste boka har hovudpersonane blitt sjuandeklassingar.

Ikkje ei fotballbok

Fotball er tema i festspeldiktar Lars Mæhles barnebøker om Knoterud FK.

«Hersens fotball! Det hadde vore betre om det ikkje fanst i det heile tatt», seier hovudpersonen Lena, i ein krangel med sonen til fotballtrenaren.

Parr sjølv har derimot gode minner frå då ho som jentunge spelte fotball i Vanylven,

– Boka handlar eigentleg ikkje om fotball, men om liva til Lena, Trille og dei andre i boka forklarar forfattaren.

Ny Maria Parr-bok til utlandet Den nye boka til Maria Parr, «Keeperen og havet», er seld til åtte land.

– Som å synge

For Parr har det å framføre tekstar for publikum blitt like viktig som det å skrive dei.

Når ho les høgt sitt ho ikkje, ho står.

– Det er som å synge, ikkje sant. Det blir betre om ein er oppreist seier ho, og gestikulerer.

Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Forfattaren trivst med å skrive på nynorsk, fordi ho finn skriftspråket tøyeleg og bøyeleg. Det var ein del gule merkar frå korrekturlesaren, i arka ho hadde med seg til Ørsta folkebibliotek.

Nokre av «feila» blir ståande.

– Eg tilpassar nynorsken min til å høyrast naturleg ut for meg som munnleg fortellar, forklarar ho.

Vanylvingen nøyar seg ikkje med å lese rett opp og ned. Der det var passande la ho inn lydeffektar. Til dømes slo ho seg plutseleg på kinnet og sette i eit realt Tarzan-brøl, til latter på tvers av generasjonane.

Etterlengta nyutgiving

Dagni er glad for at det endeleg kjem ei ny Parr-bok.

– Det har vore litt kjedeleg å gå å vente, innrømmer ho.

Det er åtte år sidan førre bok

Kva om det går åtte år til neste?

– Då får eg den sikkert ikkje med meg, seier Borghild med glimt i auget og ler.

Den tid den sorg, for i august kan tolmodige lesarar stille svolten att.